fredag 12. august 2011

Debattinnlegg i Dag og Tid: Sanninga om framtida

I denne ukas utgave av Dag og Tid, som utkom idag, har jeg et leserinnlegg under tittelen "Sanninga om framtida". Debattinnlegget ble skrevet på oppfordring fra avisa. Her følger innlegget i uredigert versjon (plukk opp et eks. av Dag og Tid - eventuelt i elektronisk form - for noe forbedret nynorsk!):

Sanninga om framtida


To diskusjonar går høgt om dagen: Kva er kjelda til terror? Og korleis hegnar me best om demokrati og ytringfridom? To stikkord i min analyse er kjeldebruk og framtidssyn.

Eg skal ikkje bruke plass her på å analysere terroristen sitt verdsbilete, som eg har skrevet om i blogginnlegget ”Terrorens retorikk: Om Anders Behring Breiviks tenkning og de siste dagers hendelser”. Men at ord har makt har me alle no fått erfare. I bloggen min vart eg kritisert for å kalle Fjordman ein høgreekstremist – det var så stigmatiserande. Og kritikaren hadde eit poeng, så eg gjekk over til å kalla han høgreradikal. Det er alltid ein fordel, i eit ordskifte, å einast om kva ein kan kallast, så ein kan bruke det same språket.

Er det eit godt poeng mange antiislamistar har desse dagane, så er det at konformiteten i norske medier fortener å gjerast til gjenstand for debatt. Mange er no redde for ei innsnevring av debatten. Det er avgjerande viktig å ikkje tåkeleggje reell usemje. Eg formidlar elles oppmodinga om å følgje nokon du er grunnleggjande usemd med t.d. på Twitter.

Som Øyvind Strømmen held frem i Dag og Tid 5.8, refererer Hallgrim Berg i Høgre til ”den kjente bloggeren Fjordman” som ei solid kjelde i si bok ”Amerikabrevet: Europa i fare”. Hovudproblemet med synet til mange antiislamistar er innslaget av samansverjingsteoriar og eit dårleg fundert framtidssyn. Demokratiske anti-islamistar som Hege Storhaug, Jan Simonsen (og Hallgrim Berg?) skiljer seg frå Breivik og Fjordman ved å ikkje basere seg på konspirasjonsteoriar, men verdsbiletet har det til felles at dei meiner å vite at vi går mot eit Europa der muslimar vil kome i fleirtal, og der det er ein reell fare for at radikale islamistar tek over, ein eller annen gong dette hundreåret.

Kvar har dei dette frå? Eg spurte på Twitter Hege Storhaug om kva for nokre demografar som var kjeldene hennar, sidan eg ikkje kjenner til demografar med slike prognosar. Svaret frå Storhaug var at kjeldane hennar var nærmare namngitte historikarar. Akkurat! No skal sjølvsagt historikarar få si sitt om framtida, men burde vi ikkje først og fremst vende oss til demografane når det står om befolkningssamansetninga si framtid?

Vi treng gode futurologar, i vår tid (Fjordman kvalifiserer ikkje). Futurologi er altfor viktig til å overlatast til konspirasjonsteoretikarar – eller historikarar for den del. Ingen har monopol på framtida (men nokon har meir kjennskap til framtida enn andre).

Det går no ein debatt om kor vi skal dra grensen i det offentlege ordskiftet. Mitt svar er slik: Eitkvart meiningsinnhald må kunne passere. Avvikande meiningar (mindretalsmeiningar) er det spesielt viktig og meiningsfullt å trekke fram, og dei fortener ein plass i debatten som er noko større enn den gruppa dei representerer (men ingen dominerande plass). Kjeldekritikk og realitetsorientering i samtids- og framtidssyn, dét er det me må passe særskilt nøye på (ikkje gjennom sensur, men gjennom tålmodig, sakleg kritikk). Det er i kombinasjon med konspirasjonsteori og dårleg realitetsforankring at all slags meiningsinnhald kan verte farleg.

Morten Tønnessen, bloggar (Utopisk Realisme), filosof og semiotikar


Ingen kommentarer: